lørdag 26. desember 2009

Ting 21 Web 2.0 awards



Gjorde ein litt overfladisk gjennomgang av SEOmoz's Web 2.0 premiar. Mange gode tips til sider her. Mange av sidene er tradsjonelle nettsider er ikkje dei? Ser at mange premierte sider har lave 'Social Aspects', eller ingen. Slite med å skilje mellom 1.0 og 2.0 av og til.
Ser at Delicious gjer det bra alle plassar, men fekk dårleg karakter hos meg den gangen. Eg måtte ha hatt ein dårleg dag.
Så litt på sidene om bøker og prøvde ut VuFind, som skal vere skapt spesielt for bibliotek (men den trygleiksrisikoen som følgjer med). Fann faktisk ei interessant bok om interiørdesign som dekker 1920-1940 og som er relevant til noko eg forsker på, som eg då bestilt frå Dragvoll via Bibsys.
Dei premierte sidene for bøker er veldig forskjellige. 1. plass går til ei publiseringsverktøy, 2. plass til ei felles antikvariat-nettside, 3. plass til ein bibliotekkatalog. Desse er så forskjellige emne at det kunne vere å betre å samanlikne berre eitt av desse av gangen synst eg.
Biblio.com kom for 2. plass. Dette samanlikna eg med AbeBooks. Gjorde søk på desse to for nokre bøker eg har kjøpt det siste året eller 18 månadar, samt Erlend Loe og fann eit større utval på AbeBooks, utan å finne noko elles som skilt desse tenestene.
På SEOmoz's er det mange av sidene vi har vore innom under kurset. Men her var der også mykje anna spennande. Øvst på lista for meg akkurat i dag er Mapping Applications, som eg kunne ha brukt til mange interesser, og etter eit første blikk ville eg heller ha plassert Wayfarer på første plass, foran Frappr.
Under Travel, testa ut reisesidene med avgang ca. kl. 13.00 på mandagar på ruta Ålesund-Budapest - Europas 7. største hovedstad etter Roma. Kayak (2. plass) er rask og effektiv. Du kan til og med velje vekk propellfly!
Støyskapande Farecast (1. plass) var treigt og tidkrevjande. Ein kunne like godt søkje hos dei enkelte flyselskap og samanlikne. Bing (via Farecast) fann fram til ein SAS avgang kl. 04.35 frå Ålesund 18. januar som SAS sjølv ikkje finn! Får ikkje 1. plass med meg!
Raskare (berre 1 bytte) og billegaste reiserute fann eg på tradisjonelt 1.0-vis sjølv: Ålesund-København med SAS og København-Budapest med Malev. Tenkte at det er spesielle kunnskapar som eg tilfeldigvis har, men Malev flyr til 58 destinasjonar i heile verda med moderne fly, og burde vere med i kayak si teneste.
Ser elles at Bebo, som eg har brukt litt som sosialt nettverk før, kjem på 3. plass etter Twitter og Facebook. Synst sjølv at det er betre enn Facebook, då du kan gjere meir med sida di, og ikkje kommersielt som MySpace. Det irriterer meg litt at at det er så lite musikkutval på iLike musikk, som Facebook bruker. Du kan også søke opp det du veit er på Youtube, men det hjelper ikkje.
Det som eg vil utforske meir her:
Mapping Applications
Reisesidene
Slektsgransking sidene (når eg blir pensjonist)
Her er mi kåring av dei beste Sheffield Wednesday (2.0?) supporter-sider, basert på ei vurdering av brukarvennlegheit, analyse og nyheit:
1. Wednesdayite 
2. Sheffield Wed
3. Sheffield Wednesday Mad
Bildet over er frå opprykksfinale frå tredje divisjon i 2005 - 68 000 til stades, pluss oss to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar