onsdag 30. desember 2009

Ting 22 Bibliotek 2.0


Å! Teoretisk denne gangen.

* Hva kan bibliotek 2.0-tjenester hjelpe oss med å oppnå som vi ikke oppnår i dag?

2.0-tenester kan hjelpe oss å halde biblioteket oppdatert, å oppdatere brukarane om oss, og gjer tenesta meir spennande for nokre av brukarane våre. Det er klart ønskjeleg å auke brukarmedverknaden. Men det ikkje er det same som å seie at utan 2.0 kan ikkje vi gjere det. Vi i Haram folkebibliotek har hatt ein open brukarmedverknad i forhold til medieinnkjøp dei to siste åra. Brukarane har lagt merke til i kva grad vi er villige til å kjøpe inn bøker etter forslag frå dei. I november og desember er mykje av innkjøpet brukarinitiert. Dette er ei utvikling som skjer i samfunnet, men det ville vere ganske spekulativt å forklare dette på bakgrunn av web 2.0

Ved hjelp av Facebook eller blogg kan ein diskutere med brukarane. t.d. om mediaval og andre emne på internett. Dette gjer vi frå før over skranken. Til no har eg funne fram til enkelte brukarar for å informere dei via Facebook frå planken min, men vi har ikkje oppretta Haram folkebibliotek der enda. Eg har spurt ein ung  brukar om dette, og ho syntest det er tull! Eg har likevel meldt meg på nokre organisasjonar på Facebook for å 'sjå korleis dei gjer det'. Reknar med at NBF blir bra etterkvart, men dialogen uteblir foreløbig. Brattvåg på Facebook er tilsynelatande daud, men sjølvsagt kan eg kanskje vekke den opp. Det har eg gjort på  Hungarian Freedom Fighters 1956 og det har vore litt diskusjon :-) Der er i grunn der at eg har hatt mest glede av Facebook.

Har sett nærmare på Drammensbiblioteket og Trondheim folkebibliotek. Trondheim folkebibliotek på Facebook er ein suksess. Dei nye nettsidene er også like vellukka som dei gamle var - begge hyggelegare enn den heilt nye nettside til Drammensbiblioteket. Twittersida har mykje nytt, men å melde at ein har fått inn eit nytt Alicia Keys album utan kommentar er litt tvilsamt. Bloggen i Trondheim blir brukt til meir fyldige bokanbefalingar frå personalet (dei har heile 45 å hjelpe med det), men med få kommentarar.
Drammen på Facebook er  derimot ein monlog, stikk i strid med 2.0 grunngjevinga. Der er svært lite eller ingen samspill med brukarane i heile 3 månadar, og det lille som er, er signert av dei tilsette (viss lista over tilsette stemmer). Drammen er ikkje noko landsby, skal vere eit spydspiss-bibliotek innan 2.0 og er også eit studentbibliotek. Her er ikkje Facebook brukt sosialt, men til marknadsføring - men det er greitt nok. Dette biblioteket har 5 bloggar, som ikkje er så aktive når ein skil ut julekalenderen.

Eg har prøvd å opprette ein Origo gruppe, for så å starte ein regional 2.0 møteplass (Nordre Sunnmøre), men dei andre i regionen har vore lite interessert i dette.

* Hvilke oppgaver er vi villige til å nedprioritere for å nå mål som handler om nye 2.0-tjenester?

Vi kjem til å bruke 2.0 verktøy, og det har vore veldig bra å få innspel frå kurset. Mange (men slett ikkje alle ser det ut som) under 30 år har eit forhold til Facebook, men det forholdet kan vere mindre viktig for dei enn ein fekk inntrykk av tidlegare. Ein grunn til å ikkje bruke 'henge med' grunngjevinga for å anvende 2.0 applikasjonar er at det signaliserer at vi er på etterslep når vi ikkje er det. Viktigare er det at ein bør ta i bruk 2.0 verktøy når vi ser at det er eit hjelpemiddel for å gjennomføre oppgåver vi har allereide prioritert, og det vi har prioritert har vi tenkt ut i forhold til samfunnet vi observerer rundt oss. 2.0 er eit verktøy, ikkje eit mål eller oppgåve.
 
Dei såkalla Taigatesene inneheld ein del sannheiter, ingen tvil om det. Men det varslast eit koas som vil måtte ryddast opp i. Eg kan ikkje sjå at 2.0 verktøy vil skape noko stort gjennombrudd på bekostning av andre oppgåver i biblioteket eller samfunnet forøvrig, men kan ha tilleggskonsekvensar. Eg tok opp spørsmålet om dialog med brukarane i samband med våre nye kommunesider, som er moderne og gode, men dette blir ikkje sett på som aktuelt.
Internett gjer det muleg å gjere det vi gjorde før på ein annan måte og biblioteka har vore flinke til å utnytte denne mulegheit. Nokre vil bruke 2.0 verktøy berre for å ta dette i bruk, men det er viktig å ha ein dialog med eit representativt utval av brukarane om det, for det er deira og ikkje våre interesser vi er her for.
 
* Hva slags 2.0 kompetanse kan brukeren forvente at vi som bibliotekansatte har, og hvordan skal vi gjennomføre en slik kompetanseheving?
 
Brukarane er mange. Vi tek i bruk dei verktøy og hjelpemiddel som vi ser samfunnet utvikler og har behov for å bruke, alt frå teleslynge til katalogar til mp3. Ei utvikling må skje i samråd med dei vi er tilsett for å tene, både som ein respons til dei og som tenesteutvikling for dei. Det er grunn til å stille eit spørsmål ved om dette skjer i Drammensbiblioteket, og det er viktig å vite kvifor 2.0 dialogen ikkje fungerer der. 
I sommar jobba vi med ei sak der vi ville legge bilde, lenkar og meir på eit Google-kart. Vi kalte ikkje dette mashup eller 2.0 verktøy, men det er det det er. Vi hadde som mål å lage eit interaktivt kart, der ein kombinerer bilde og lenkar på eit kart slik at brukaren kan styre det. Men det var ein plan for å lage eit kart, ikkje for å bruke 2.0. Forskjellen er viktig. Det skjer at vi treng kompetanse for å gjennomføre ein plan, ein kompetanse vi må tileigne oss eller finne i eit samarbeid. Dette kan vere enda ein grunn til å samarbeide regionalt.
Eg har meldt meg på 2.0-kurset for å sjå om der er noko der som kan hjelpe meg å realisere slike mål, og ikkje på grunn av 2.0-konseptet i seg sjølv. Eg meiner at forventingane ikkje er til 2.0 kompetanse i biblioteket, men til tenesteutvikling og kompetansebehova dette utfordrar. Vi må vere på hogget når vi planlegger Det er ei kontinuerleg oppgåve. Vi kan ta i bruk 2.0 verktøy i den grad det hjelper oss med det, men å planlegge å ta i bruk 2.0 verktøy som oppgåve i seg sjølv ville vere feil utgangspunkt.

2 kommentarer:

  1. Vel blåst, David! Du er en superstudent, det er ikke mer å si. God tur til gamlelandet (sier man det der borte i Great Britain?)

    Hilsen Borghild

    SvarSlett
  2. Gamlelandet? Hmmm. Ikkje på musikkfronten, men her er mykje gamalt. Har idag kjørt i 9 timar i - 11 gradar på sommardekk, men no er vegane eg treng stengt for natta. Overnattar i det som må vere eit vestlandsk landskap med stadsnamn som thwaite = tveit, thorp = torp, fell = fjell, ull = ull.

    SvarSlett