torsdag 24. desember 2009

Ting 20 Læring, E-læring og 2.0 E-læring


Gjekk først inn på mgpodcast ettersom eg skal til Skottland snart, men det virker som skulen har slutta med podcasts for ein del år sida. Ikkje sikkert om eg fekk det til heller, då eit podcast om skulen på 'dagsrevyen' var ut av fokus.
Gjekk inn på http://www.blackboard.com/ som virker ganske så skikkeleg og seriøs. Er dette tradisjonell e-læring? Den har podcast, Desire2learn, Blackboardconnect, Blackboardtransact mm. Enten er ikkje eg sikker på kvar grensen går, eller så har Blackboard oppdatert seg.
Lasta ned pinyinchart for å tilnærme kinesisk gjennom vårt alfabet. Er forresten interessert i språk og var imponert over tilnærminga. Men du blir ikkje interaktiv på ein 2.0 måte med Chinesepod før du kan ein del, så det er i utgangspunktet ganske tradisjonelt inntil då. Gjekk laus med å pugge tonane, men så kom unntaka og halvunntaka...
Det er vanskeleg å vurdere Chinesepod før ein har lært nok til å delta/bidra med noko interessant. Sjølv med eit prøveabonnement var ikkje det råd å kome inn på leksjonane etter nokre dagar. Men det framstår som eit veldig bra opplegg, og veldig greitt for utlendingar busett i landet.
For dei som kunne tenkje seg å prøve eit annet språk enn kinesisk, t.d. eit språk ein kan litt frå før eller har lyst å lære, så er My Language Exchange eit alternativ, og der er 113 språk å velje mellom. Du kan chate munnleg eller skriftleg med nokon som kan språket du lærer, og som vil lære språket du kan. Eg brukte dette ein del år sida. Her er ikkje opplæringsverktsøy akkurat - det er det medlemmene står for, så du er interaktiv med det første. Det er kjapt å kome inn. Men du er heldig om du treffer nokon med pedagogisk innsikt. Slett ikkje alle kan forklare og lære bort morsmålet sitt.
Kurset om 23-ting om 2.0 har vore eit veldig greitt innblikk i nye verktøy som eg treng å vite noko om. Eit par verktøy håpar eg å ta i bruk i sommar, og fleire i privat samanheng. Kontakten med andre er gøy. Men eg har ikkje vore aktiv nok i forhold til andre deltakarar. Eg har fulgt med nokre sine bloggar, men sjeldent kommentert. Dette igjen gjer det vanskeleg å vurdere/skilje 2.0 e-læring og e-læring kanksje. Men det har vore ei veldig grei oppfinning dette kurset for å gi slike som meg større innsikt i 2.0 og sjølvtillit i forhold til snakke om det.
Det er eit faktum at skal ein lære, så må ein lese og eventuelt pugge i visse fag. Skal ein lære eit språk så må ein ha ein grammatik, skal ein skrive og snakke på ein kompetent måte. Det var ikkje råd å få tilgang til så mykje grammatikk på  Chinesepod utan å abonnere.
E-læring kan neppe måle seg med seminardiskusjonar og kollikviegrupper. Blant dei unge som eg kjenner som studerer, som i høgste grad er aktive sosialt på nettet, så er den tradisjonelle boka og møtet med professoren høgt ansett.
Er 2.0 e-læring 'en helt ny form for e-læring'? Det kan hende, men det som er viktig er at læreprosessen gir resultat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar