søndag 6. desember 2009

Ting 16 Mashups - dette er tingen!


Dette er ei meir krevjande oppgåve (men absolutt ein av dei mest interessante ting på kurset) som det er vanskeleg å utforske fullt ut i adventstida. Det å lage t.d. eit originalt og interessant temakart for andre, og konkurrere, framstår som veldig interessant, og eg skulle gjerne ha hatt overskot til å sette meg inn i dette og lage noko, med input frå minst to opne kjelder krev litt arbeid.
Mashup finst no på den norske (bokmål) wikipedia.
Det om den kanadiske telefonkatalogen er vel ikkje noko nyheit lenger.
Sidan i fjor sommar har sønnen og eg jobba med turistinformasjon om Haram og omegn. Dette er basert på Google maps, foto frå ymse kjelder og importert kartinfo elles. Dette er pr. definisjon eit mashup, men vi har aldri kalt det det. Vi er ikkje heilt ferdig.
Lenken til Ann Arbor District Library er daud. Eg har gått gjennom aadl.org, men det ser ut som dette mashup er heilt borte.
For språkinteresserte: på 23tingom2null.blogspot.com er 'programable' feilstava. Det er ikkje ei amerikansk side. Programme er engelsk, australsk, kanadisk; Program er amerikansk. Programme/Program har ca. 8 forskjellige betydningar (substantiv). Når det betyr dataprogram, blir stavinga program ofte anvendt også andre stader enn USA. Adjektiva programmable og programable følgjer imidlertid opphavet, men programming er likevel meir brukt enn progaming i USA.
Her er ein interessant online demonstrasjon (men ikkje mashup?) av Talis 4.3 for bibliotek (for dei som er meir enn berre god i engelsk):
http://www.talis.com/micro-assets/objects/mediaplayer.swf?file=http://talis-alto.s3.amazonaws.com/alto_help_4.3.flv
Ein må ha passord for å utforske Talis Developer Network i detalj.
Eit premiert mashup på programmableweb som skorar høgt hos meg er: http://www.programmableweb.com/mashup/access-denied-map
Her er altså eit kart over kvar i verda sosial nettverking er forhindra av sensur: Global Voices. Dette fekk sønnen og eg erfare i september i Syria. Men vi fann ein veg rundt.....når ein fekk kontakt med internett i det heile. Svakheten er at sidene må haldast oppdatert. Siste opplysningar her er frå 2007.

1 kommentar:

  1. Ting 13 til 16 notert, David! Hvordan får du tid til alt dette her?

    Hilsen Borghild

    SvarSlett