torsdag 10. desember 2009

Ting 18 Webapplikasjonar

Ja, oppretting av konto på Zoho gjekk så bra. Eg publiserte ein artikkel (under) om Brattvåg frå Zoho Writer, det vil seie litt turistinformasjon som eg jobbar med. Filen fekk namnet Brattvåg først, men ved embedding vart dette avvist så det blei endra til Brattvag. Eg kunne like så godt ha brukt export to blog, noko som eg gjorde før eg kom på å sløyfe å i Brattvåg.
Det er ikkje stavesjekk eller ordliste for norsk. Det står "ikkje tilgjengeleg på ditt språk", men det kunne like godt ha stått "tilgjengeleg berre på engelsk", for fransk er ikkje tilgjengeleg heller.
Eg gjekk også laus på Zoho Show, etter som eg er invitert til å halde eit innslag om reiser på eit foreiningsmøte i januar.
I Zoho Docs har eg lagre ei mappe med 11 dokument om turistinformasjon og undermappe med bilde. Opplasting av eit dokument tok uforholdsmessig lang tid, og der er ikkje noko knapp for å avbryte, slik at ein måtte gå ut frå side og inn igjen. Då gjekk det bra.
Det er i alle fall greitt å ha eit sikringseksemplar på nettet. Litt uklart for meg om maks 10 MB er grensa for ein fil/bilde, eller alt ein kan lagre.
Funksjonaliteten ser ut til vere like god som det ein treng til det meste eg bruker i Microsoft Office, men eg har ikkje prøvd ut offline-funksjonen.
Dette er ein veldig nytt ting for meg som treng tilgang til arbeidet både heime og borte, men om dette skal erstatte tradisjonelle Office rutinar, så må ein ha gode rutinar. Ein blir forvirra viss ein har dei same dokument på begge plassar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar