tirsdag 8. desember 2009

Ting 17 NOrigo


Origo så med ein gang ut til å vere eit nyttig verktøy. Fann 16 bibliotekrelaterte soner. Så på andre tema som interesserer meg. Tenkte eg kunne bruke dette til bibliotekformål med ein gang ved å invitere nokon til å bli vennar og deretter lage ein bibliotekrelevant sone: Regionalt. Tanken var at vi kunne sjå om vi ville diskutere aktuelle saker som nytt møte, norgeslån, frakt og fjernlån generelt innanfor vår region. Sendte dermed invasjonar til dei 9 biblioteka i regionen (folke- og fag-) og brukte biblioteka sine epostadresser. Origo aksepterte berre 2 av desse 9 adresser, så eg måtte bruke personlege mobilnummer for dei andre 7 i staden. (Mobilen vart brukt for å verfisere meg).
Då gjekk det bra å få invitasjonane av gårde, og eg skriv litt i invitasjonen om baktanken. Men berre 2 av desse 9 (biblioteket ved Høgskulen i Ålesund og Skodje folkebibliotek) aksepterte venneforespørselen. Pinleg! Lagt på is.

1 kommentar:

  1. God ide med Origo-initiativet, David. Kanskje vi kan ta det igjen seinere? Har iallefall lagt deg inn som venn i Origo.
    Kari

    SvarSlett