onsdag 4. november 2009

I Google Oversettelse blir Ingebrigt Davik til Charles Chaplin jr!

Det er nyttig og underhaldande å bruke Google Oversettelse. Tenesta bruker berre bokmål. Likevel, etter å ha prøvd Haram folkebibliotek si nettsida frå nynorsk til engelsk og til fransk, fann eg at resultatet er ganske bra totalt sett.
Tenesta sliter imidlertid med proprier, spesielt gate- stads- og organisasjonsnamn, ved å skape meiningslause setningar frå namn. Nokre personnamn blir heilt ville, som her! Nokre ord omsetjast ikkje, eller berre til engelsk.

Det hende i Taremarby av Ingebrigt Davik er omsett til engelsk som "Det kunne i Taremareby", som er foreståeleg, på fransk til: "Han i mai Taremareby", som er meiningslaust. Men alarmerande er det at namnet Ingebrigt Davik blir til Charles Chaplin jr., på engelsk, fransk og for ordens skuld også på ungarsk.

Tenesta sliter også med agglutinativt språk - t.d. når preposisjonen ligg i substantivet (kasus), eller når fortida er merka med ein bokstav i ordet og ikkje på enden, og utan hjelpeverb. Når dette skjer, blir ein klokare og forvirra på same tid!


Prøv sjølv! Legg t.d. http://www.haram.folkebibl.no/ eller ei anna adresse i ruta på  http://translate.google.com/# og vel språka som skal omsetjast frå og til.

2 kommentarer:

  1. Hei igjen, jeg har også prøvd Google oversetter. Den polske versjonen av bloggen min er "crazy" når det gjelder grammatikk. Med ett ord : funksjonnen er ikke uten feil men i det minste er morsom. mvh alicia

    SvarSlett
  2. Agglutinativt, du! Nå ble jeg både klokere og litt forvirret samtidig, ja ;-)
    Hilsen Borghild

    SvarSlett