fredag 30. oktober 2009

Den femte tingen: Flickreri og tagging



Eit morsomt innslag. Picnik var enkelt å bruke og ga meirsmak, slik at eg registrerte meg på. Begynt på ein rundtur på Flickr, men fann ut at eg vil heller søke på ulike interesser. Har brukt Flickr's blogging tool og sendt ein test til bloggen (sjå under). Har teikna Flickr-konto og lasta opp eit mykje tagga foto, men 23tingom2null som tag gir svært få treff og det mest alvorlege er at mitt bidrag ikkje kjem opp! Har sendt ein foto frå Flickr via mail til andre enn 23-tingarar.
Tenkte det ikkje er så spennande med bibliotek utan folk, så her er ein annan arena med system og orden der mangelen på folk er om ikkje naturleg, nødvendig: ein vingard.
Det ferske bildet er frå Bakony, eit idyllisk område i Ungarn for å slå ned seg og lese, eller jakte. Om sommaren rømmer folk frå dei varme byane til område som desse, ganske avsidesliggande småkuperte strøk, omringa av åsar med skog og av og til med ei festning på toppen.
Frå desse toppane ser ein Balaton, ein av Europas største innsjøar. Om hausten kan det kome ein plutseleg, konstant sterk vind over sjøen. Fiskarane blir advart av eit lyssystem. Jo raskare vinden blåser i åsane, jo raskare blinkar lysa rundt sjøen. Nordaust for her finn vi byen Mór, medan Pápa med sitt nedslitte folkebibliotek i ein svær, nedslitt palass midt i byen er lokalisert mot nordvest.
Men for det mest er det framleis varmt om hausten her, og i samband med innhausting på garden blir det heller folksamt, og dei som overnattar i dei små lagerhusa kan få eit overraskande besøk av årets vinmester eller vinprinsesse. Men i dette bildet er det historie for i år - det er berre 1 varmegrad!

2 kommentarer:

  1. Hei David, det var interessant beskrivelse av bildet ditt. For mange år siden besøkte jeg også Balaton området, og ikke minst Budapest. Byen er vakkert, synes jeg. Helt enig med deg at Picnik er morsom. Enda morsommere er Bighugelabs på: http://www.bighugelabs.com/. Her kan du enten registrere deg eller logge inn med din Facebook ID. Programmet har en direkt kontakt både med Flickr, Facebook og Blogg, og tilbyr "lek med bilder". Hilsen alicia

    SvarSlett
  2. Takk for tipset Alicia:-) Bighugelabs må eg undersøke. Det høyrast interessant ut. Har oppretta Facebook konto og Flickr så det passar. Veit ikkje om Facebook er no for meg, og berre 1 av mine 4 ungar bruker det, så det er ikkje for alle tydelegvis.

    SvarSlett