mandag 26. oktober 2009

Det var litt dumt eg ikkje rakk første samling. Hadde alt planlagt eit oppdrag i Ungarn som var for godt til å kansellere, for eg kunne misse ut på tilsvarande seinare. Forutan å tilbringe nokre timar på eit universitet i fire dagar og to laurdagsmøte med koordinatørar, har eg vore på oppdagingsturar. Ma. leigde eg bil for å oppsøke avsidesliggande boligområde, skogsområde, anlegg mm i Budapest, og øde grusvegar på fjellet, både for å ta bilde men også for å sjå stader som har til felles at ting har skjedd på desse plassar som ein har prøvd å dekke over. Men alle veit om dei, unntatt turistane. Elles var eg heime hos ein pop-duo, som musikalsk kan plasserast mellom Morten Abel og Aqua(?), som har to landeplagarar gåandes, som eg skal kanskje oversette til engelsk for dei. Her er ein av dei på tuben: http://www.youtube.com/user/dredmusic Elles gjekk temperaturen ned frå 28,5 til 3 i løpet 3 dagar, og alle lurte lenge på kvar dei andre 25,5 hadde blitt av. Aldri skjedd noko sånt før. Vi fann 7-8 av dei mot slutten av veka.

1 kommentar:

  1. Ha ha David, du er deg sjølv lik :-) Alltid like morosamt å høyre deg fortelje frå "utfluktene" dine..
    Og ingen skal kunne anklage deg for å vere einspora.. No også engasjert "promoter" for ungarsk pop-duo..

    Eg trur nok dette kurset skal gå bra, sjølv om du ikkje fekk med deg startsamlinga!

    Best hels Heidi

    SvarSlett