fredag 13. november 2009

Ting IX Video


Eg har brukt Youtube aktivt ei god stund - meir enn dei 22 andre tinga tilsaman vil eg tru. Det var ikkje så vanskeleg å finne kulturinnslag frå Kongsberg med søk på Kongsberg og kultur. EnergiMølla ser ut til å vere vellykka.

Likte godt filmen om Kongsberg bibliotek, men ikkje innleveringsautomaten i Drammen. Denne filmen med småtøff musikk frå Rennes er betre meiner eg. Denne er om RFID / sjølvbetening. Filmen om innlevering kjem etterpå, sjølvsagt. Det er berre litt tekst på fransk, men halvparten av orda er som på engelsk. 
RFID ved Rennes bibliotek

Eg søkte på eit innslag om finanskrisen som var populært blant næringslivsfolk i fjor her på NordVest. Søkte på finance crisis og comedian og 2007, og til slutt fann fram til denne filmen: To engelske komikarar forklarer oss finanskrisen i oktober 2007. Altså, dei set fokus på spekulantane og finansanalytikarane før media gjer det, og før nokon innrømmer krisen:
Finance crisis 14.10.2007

You tube er glimarande for å finne historisk filmmateriell:
Praha-våren i 1968 og opptøyane i Berlin ved murens fall var tilsaman langt mindre dramatisk enn revolusjonen i Ungarn i 1956, som så fleire tusen døde, bombefly, 200 000 flytningar, ein invasjon med 1000 tanks pluss artilleri. Ikkje minst, i 10 dagar var dette den einaste populær-nasjonal revolusjon mot ein totalitærstat verda har sett.
Men NRK, BBC og andre har lite å vise om 1956 (for eks. under 50-årsjubileet i 2006), fordi i opprenskinga var det farleg å ha noko befatning med foto og film frå revolusjonen. Derfor skjer det at vi oppfattar mindre dramatiske episodar med meir filmmateriell som større enn større episodar der vi manglar materiell.

Her er original opptak frå dei internasjonale nyheitsbyrå (på trygg avstand vel å merke, sjølv om det er litt skyting):
1956 Hungarian Revolution
Nokon har sydd saman denne film, utan voldsscener:
Soha nem láttott 56-os felvétel
Denne filmkollasje viser nokre meir grusomme ting:
1956 Forradalom
Regelrette kampscener er vanskeleg å finne.
Det finst også politiske konfrontasjonar av nyare dato som er lagt ut på Youtube, som misbruker assosiasjonar med verkelege hendingar - eit internettproblem framfor eit Youtubeproblem. Men desse er ikkje vanskeleg å gjennomskue, og etter mi meining er der relativt lite tull på Youtube, og mykje interessant. Søking på engelsk hjelpe deg fram til materiell i lokalspråket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar