fredag 13. november 2009

Alle gode ting er 10


Kjekt å få musikkforslag. Det er mykje klassisk også. Lastfm ser ut til vere betre enn Amazon sitt "dei som liker/kjøpte, liker også...". Ikkje verst, går an å lytte til.
Har brukt Lag ny stasjon-knappen, men synst det er å gå for langt å seie at eg har laga denne stasjon: Mew, men om eg har så er eg godt fornøgd, og det fungerer ganske godt i forhold til denne artisten.
Ser at ein har ein jobb å gjere med å skrive omtaler for musikken som manglar dette, for eksempel for denne artist som eg kanskje også har laga stasjon for, kven veit: Autour de Lucie . Får ikkje musikken til å stemme så godt her akkurat, men denne gruppa har eg fulgt nøye sidan 1994, då dei fekk litt hjelp å starte i England. Eg fekk ein epost frå dei når dei slutta, og det var før denne lille gruppa blei oppretta på Lastfm. Likevel, du finn meg i gruppa: Autour de Lucie. Er med i ei anna gruppe på Youtube - det er betre, mellom anna fordi litt for mange ser ut å ha slutta å bruke Lastfm, der ein ikkje kan slette i biblioteket.
Elles på Youtube, dette paret som eg var heime hos i oktober for å drøfte oversettelse av to spor til engelsk (som dei ikkje kan). Ikkje så sofistikert akkurat, men eit høfleg, jordnært par:


Har søkt på konsertar både etter artist og stad, men der er lite som klaffer med mine planar akkurat no framover.
Har installert Scrobbler (Media Player). Det er smart.

Elles har eg oppdatert bibliografiske opplysningar om Dred. Eit problem på denne sida er at det kan vere eitt oppslag for fleire artistar med same namn. Du kan redigere dette slik at dei blir skilt, men du kan berre tagge det eine oppslaget. Då får du underlegge kombinasjonar - death metal og dance for eksempel!

Har brukt hodet med tanke på fordelar for biblioteket, men finn berre fordelar for individet så langt, men som med dei andre 22 tinga, så vil ein kanskje få god idé ein dag seinare .

1 kommentar:

  1. Hvor får du energien din fra, David? Her går det unna fra den ene tingen til den andre, både raskt og grundig.

    Hilsen Borghild

    SvarSlett