onsdag 4. november 2009

Ting 6 Vennestadar



Skaffa meg litt plass på Myspace. Så ut som ein lett kunne finne folk med fellesinteresser (Mew fans i Ålesund, Alizée fans i Norge) og meldte meg på, men det er ikkje spennande med så mange annonsar. Twitter har eg latt twit vidare utan meg, virker ganske overfladisk. Twit betyr forrestan idiot. Langt meir fornuftig er Underskog (når kursdagen er ferdig i hovedstaden og du vil vite kva som skjer), med programpostar på Deichman og Litteraturhuset også.

Facebook er artig og her har eg gjort leksene mine (har hatt noko liknande på bebo.com før -som er mykje kjekkare å jobbe med når ein skal legge til musikkvideo). Vurderte å opprette ei gruppe: Flerkult Nordvest og sende invitasjonar, der bibliotekbrukarar og -tilsette kunne prate om bibliotektenester og norskopplæringa, men skjønner folk har ikkje tida under 23-kurset. Det er eit tankekors at Deichman har berre 140 medlemmer etter over 2,5 år. Bedre å utvikle nettsider? Er det Web 1.0 forrestan? Etter kurset nullstillast vi neppe, her er mykje interessant, so då får vi sjå kva vi får til.

1 kommentar:

  1. ... og da har vi registrert at ting 6 er vel gjennomført! Enig med deg om Twitter, jeg er visst en av dem som sliter både med å skrive kort, og få noe ut av det kort skrevne.

    Borghild

    SvarSlett