søndag 29. november 2009

Ting 13: Må vi elske USA?




I utgangspunktet så dette ut til å vere ein kjempeidé, og enkelt å bruke.
Bibliotek Rollyo Miljøvern fanga opp frå adresser som m.a. www.zero.no og http://www.naturvern.no/ i allefall. Veldig ok.
For å vurdere funksjonaliteten virkeleg, valgt eg å søke på eit stadnamn - eit naturgeografisk og ikkje administrativt område - lik Sunnmøre, i omfang og folketal.
Biblio Lesikonno har førehandsdefinert 5 adresser, m.a. http://www.snl.no/, men Rollyo.com fann likevel ikkje stadnamnet på denne adressa, sjølv om det er der.
Stadnamnet blei funne på http://nn.wikipedia.org/ fordi det er eit oppslagord der, men ikkje på http://no.wikipedia.org/ der stadnamnet berre er nemnt i tekster. Det finst 3 søkegrad: overfladiske søk, nettsøk og dybdesøk. Rollyo klarer tydelegvis berre det første.

Når der ikkje var resultat i dei førehandsdefinerte kjeldene, søkte Rollyo automatisk i 'heile weben'. Du liksom! Eg prøvde eit begrep eg har brukt på alle 23 ting, og Rollyo fann ikkje det, men Google.no fann opp til 81 000. Som bibliotekar vil ikkje eg kunne anbefale Rollyo som oppslagsressurs til brukarar utan ei lengre liste over forbehold.
http://www.zuula.com/ vil eg anbefale. Den er kjapp, resultata er oversiktlege, og desse ser ut til å vere graderte. For eksempel, slå ein opp eit stadnamn, kjem dei viktigaste sidane først, så kjem delemne som skular, idrettslag o.l., og til slutt mindre oppslag som tidsavgrensa prosjekt o.l.

Teikna likevel ein konto på Rollyo for å fullføre oppgåva oppskriftsmessig. Lydig som eg som oftast er, laga eg ein søkemotor som kan søkast i (sjå over), men les dette først!! Eg la til 23 nettadresser til bokhandlarar på nett: 4 norske, 3 britiske, 2 amerikanske, 1 dansk, 1 svensk, 3 franske, 1 polsk, 5 ungarske, 1 tysk, 1 italiensk, 1 russisk. Av desse 1 norsk, 1 ungarsk og 1 amerikansk antikvariatforhandlar. Då vart eg kjempefornøgd, eg hadde klarte biffen. Søkte deretter på 4 forfattarar:
1. Patrick Modiano, fransk, 64 år, skjønnlitterær forfattar med samfunnsrørsler og identitet som tema, som eg skreve oppgåve om under mastergradstudie i fransk. Han har skreve 27 bøker, derav 2-3 er oversatt til norsk, og 8 til engelsk.
2. Marek Krajewski, polsk, 43 år, skriv 'psykologiske thrillere'. Han har skreve 8 bøker, alle oversatt til engelsk, og 1 bok har nettopp kome ut på norsk.
3. Erlend Loe, norsk, 40 år, skriv for det meste ironiske romanar for alle aldersgrupper. Han har skreve ca. 18 bøker. Nokre av desse er oversatt til dansk, tysk, engelsk og fransk, alle til svensk og Naiv. Super er tilgjengeleg på minst 15 språk.
4. Krisztian Ungváry, ungarsk, 40 år, historikar (moderne historie). Har skreve 6 bøker, derav 1 er oversatt til engelsk og tysk i fleire utgåver.
Felles for desse er at dei:
1. lever
2. skriv mykje
3. er europeiske
4. burde vere søkbare i min søkemotor
Men min søkemotor hosta alltid opp den einaste amerikanske nettbokhandel først, og det er mange sider å bla gjennom på ein nettstad med dårleg serverkapasitet. Einaste konkurrent på så måte var .....den einaste amerikanske antikavriatforhandlar. Lenge etter desse finn ein fram til nettbokhandlarar i dei europeiske landa forfattarane bur, skriv og utgi sine bøker i.
Bøkene er til og med tilgjengelege på originalspråket på den amerikanske sida før du finn dei i det store utvalet av forhandlarane eg har teke med frå originallanda. Erlend Loes Naiv. Super i engelsk utgåve er utgjeve berre i det fagre Skottland, men hos min Rollyo.com søkemotor er det hos amerikanarane du skal helst kjøpe den!
Derfor måtte eg luke ut dei amerikanske. Dette er dumt - antikvariatforhandlaren http://www.abebooks.com/ er veldig bra.
Denne justering ga eit resultat som viste seg deretter å vere bra.

2 kommentarer:

  1. Puh! Rent bortsett fra en litt for grundig gjennomføring av oppgaven, er jeg som kursleder riktig fornøyd med deg som elev, David ;-) Til overmål med en rystende avsløring av underliggende amerikansk dominans i det anbefalte verktøyet - huff...

    Hilsen Borghild

    SvarSlett
  2. Takk for det:-) Oppmuntrande

    SvarSlett