torsdag 12. november 2009

Trinn 8 Podkasting


Ville la meg inspirere av podkast signert Thomas Brevik si stemme, men fann ikkje så mykje som eg ikkje kjente til frå før. Har høyrt han (podkast) på eit seminar. Siste nytt på http://bibliotek2null.blogspot.com/ er over 3 år gamalt!
Granska vidare ei dansk podside: norb.podhead.net og tenkte 'same kva ein gjer, så har danskane allereie vore der'.
Det endte med eit abonnement på podkast frå Rolling Stone, for musikken gjer alle dagar gode.
Er ikkje siste nytt på podcaster.no 3 år gamalt?

På København bibliotek sine podkast har dei podkast frå ein læsekunkurrence for barn...i 2007, og Biblioteksfejden, i to delar i 2008 (men akkurat dette finn du ikkje på http://www.kk.dk/). Og der endte podkasthistoria frå den kanten ser det ut som...
Har oppretta 9 feeder på Bloglines kontoen min. Det blir dessverre på engelsk alle saman ser det ut til, men ein god del er bibliotekrelatert. Har elles sendte podkast Fremtidens bibliotek til ærede 23-arar. Om dei har fått, veit ikkje eg. Nytt for meg men ikkje for dei kanskje, og innhaldsmessig ikkje så spennade.
Til slutt abonnerer eg no på Bok i P2 podkast. Lytta til nrk_bok_i_p2_2009-1105-0500_40566.mp3 om (ma.) Kjetil S Østli si "Politi og røver", som vi må kjøpe inn (boka altså).
Er podkast noko for biblioteket å prøve seg på? Eller rettare sak, er der noko hensikt i berre å prøve? Det må halde mål det ein gjer (nyskapande innhald, sensjonalt, originalt) for å konkurrere med det visuelle, viss ein skal nå fram til fleire enn oss sjølv og slekta. Er vi kompetent til det? Bør vi omorganiserast slik at ein av oss er kan det i det minste?
Ville vi samlast på eit møte for å høyre eit podkast i staden for å møte personen og sjå kva han/ho har å vise oss? Kunne vi sitte heim på 3. samling kvar for seg og lytte til innlegg og spare miljøet, i staden for å treffast? Nei, vi kjem berre til å fikle med andre ting (og Hilde får all sjampanjen til seg sjølv - det kan vi ikkje tillate - same sjampanjen som er lova til profilgruppa?).
Lyd må vere veldig interessant, om vi skal konsentrere oss. Nokre liker ikkje lydbøker (men liker ebøker) på grunn  av ein begynner å fikle med andre ting. Det kunne vere greitt å vite kor mykje (i forhold til innsats) Drammensbiblioteket får ut av sine podkast, og kva trenden er. Høyrast litt skeptisk ut - vi må gå inn for noko eller la det ligge, i staden for å ta eit lite steg hit og eit lite steg dit. Vi må først sjå kva erfaringar større bibliotek som evner å gå inn for det gjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar