fredag 30. oktober 2009

Den femte tingen: Flickreri og tagging



Eit morsomt innslag. Picnik var enkelt å bruke og ga meirsmak, slik at eg registrerte meg på. Begynt på ein rundtur på Flickr, men fann ut at eg vil heller søke på ulike interesser. Har brukt Flickr's blogging tool og sendt ein test til bloggen (sjå under). Har teikna Flickr-konto og lasta opp eit mykje tagga foto, men 23tingom2null som tag gir svært få treff og det mest alvorlege er at mitt bidrag ikkje kjem opp! Har sendt ein foto frå Flickr via mail til andre enn 23-tingarar.
Tenkte det ikkje er så spennande med bibliotek utan folk, så her er ein annan arena med system og orden der mangelen på folk er om ikkje naturleg, nødvendig: ein vingard.
Det ferske bildet er frå Bakony, eit idyllisk område i Ungarn for å slå ned seg og lese, eller jakte. Om sommaren rømmer folk frå dei varme byane til område som desse, ganske avsidesliggande småkuperte strøk, omringa av åsar med skog og av og til med ei festning på toppen.
Frå desse toppane ser ein Balaton, ein av Europas største innsjøar. Om hausten kan det kome ein plutseleg, konstant sterk vind over sjøen. Fiskarane blir advart av eit lyssystem. Jo raskare vinden blåser i åsane, jo raskare blinkar lysa rundt sjøen. Nordaust for her finn vi byen Mór, medan Pápa med sitt nedslitte folkebibliotek i ein svær, nedslitt palass midt i byen er lokalisert mot nordvest.
Men for det mest er det framleis varmt om hausten her, og i samband med innhausting på garden blir det heller folksamt, og dei som overnattar i dei små lagerhusa kan få eit overraskande besøk av årets vinmester eller vinprinsesse. Men i dette bildet er det historie for i år - det er berre 1 varmegrad!

Flickr

This is a test post from flickr, a fancy photo sharing thing.

Ting IV Direkte kommunikasjon

Det er 9 år sida (og berre då) eg chatta i eit forum som heiter My Language Exchange, der du saman forklarer og lærer bort ditt språk og får lære andre sine. Det var enklare då.
Har teke imot og sendt ut invitasjonar på MSN, og fått ein overraskande invit frå nokon i nabolaget også. Akkurat då eg trudde alle i biblioteknettverket hadde lagt seg, dukka Laila sitt muntert ansikt opp og vi blei enige om det meste:) Meir moro blir det når vi er fleire, men det må nesten avtalast på førehand. Eg er på dcb23t@gmail.com .
Har snekra ein ID på passport.net og har pynta litt på Live-profilen for å halde kontroll på kven eg eigentleg er.
Ser for meg at dette kan vere nyttig i ein dialog med brukarane som er interessert, men ein kan ikkje legge frå seg annet arbeid, med mindre det ligg føre friske midlar....
Har ikkje gjort anna enn å sjå på meebo.com

mandag 26. oktober 2009

1,2,3 eller 4

Har likevel jobba i det stille frå det fjerne med saka og er spent på kvar det vil føre. Ting 1 og 2 var greie, som for folk flest trur eg, men det vil ta tid å lage ein blogg ein er fornøgd med og få alt til å funke. Verktøyet som vi bruker for å skape eit sosialt plattform kunne etter mi meining har vore lit meir...sosialt utforma, dvs meir inviterande og forklarande. Men ein kjem vel betre overens når ein blir betre kjent. Ting 3 Feeder er grei. Har valt Google Leser og abonnerer på litt forskjellig som er lagt i mapper, men slit med delte-elementer. Kva er eit element, eller rettare sagt, kva ikkje er det? Så etter 3 ting sit eg igjen med 4, for har ikkje alle fått ein Google profil undervegs? Min er på: http://www.google.com/profiles/dcb23T
Det var litt dumt eg ikkje rakk første samling. Hadde alt planlagt eit oppdrag i Ungarn som var for godt til å kansellere, for eg kunne misse ut på tilsvarande seinare. Forutan å tilbringe nokre timar på eit universitet i fire dagar og to laurdagsmøte med koordinatørar, har eg vore på oppdagingsturar. Ma. leigde eg bil for å oppsøke avsidesliggande boligområde, skogsområde, anlegg mm i Budapest, og øde grusvegar på fjellet, både for å ta bilde men også for å sjå stader som har til felles at ting har skjedd på desse plassar som ein har prøvd å dekke over. Men alle veit om dei, unntatt turistane. Elles var eg heime hos ein pop-duo, som musikalsk kan plasserast mellom Morten Abel og Aqua(?), som har to landeplagarar gåandes, som eg skal kanskje oversette til engelsk for dei. Her er ein av dei på tuben: http://www.youtube.com/user/dredmusic Elles gjekk temperaturen ned frå 28,5 til 3 i løpet 3 dagar, og alle lurte lenge på kvar dei andre 25,5 hadde blitt av. Aldri skjedd noko sånt før. Vi fann 7-8 av dei mot slutten av veka.