Viser innlegg med etiketten Google Leser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Google Leser. Vis alle innlegg

torsdag 26. november 2009

Kjip ting: Delicious ga ikkje meirsmak



Gjorde temasøk på Facebook background. Der var bokmerke for dette, men resultata ga bakgrunn (for det meste på Twitter) og Facebook. Mykje å sjå på, som ikkje var relevant til søket. Eit bibliotekars mareritt? Då søkte eg på noko langt meir spesifikk: Budapest ostroma (= beleiring av Budapest - som kosta fleire sivile livet enn beleiringa av Stalingrad). Der var fire bokmerke basert på dette, men alle fire ga "No results...try the web". Naturlegvis fann Yahoo fram.

Dette blei ei samanlikning med å Google seg fram. Trur nok at Google + mine favoritter stikker av med ein stor seier. For det første ei god nettside er organiserert, med prioriteringar og balanse. Her kan ein legge inn alle lenkane ein treng. Når det gjeld mobilitet, så er nettsider tilgjengeleg overalt, og argumentet til Delicious er at bærbar med trådlaus samband ikkje er oppfunna enda.  Det er berre det sosiale elementet som Delicious kan vinne på, og det er vel temaet her. Det gjekk an å finne fram til folk som har skreve artiklar om tema eg er interessert i. Det er berre å sende ein kommentar. Dette skal kanskje utforskast meir.

Granska meir på kart + stadnamn, men det som har klart flest tagger er...Google maps. Taggene den enkelte har lagt til er ramsa opp under - og dei fleste var kommersielle aktørar - ikkje så sosialt akkurat.

For dei som er ny til dette, som for eksempel meg, virker BlinkList betre: betre forklaring.

Så gjennom eksempla frå Buskerud Fylkesbibliotek og Dublin City Libraries på Delicious. Det som slår meg med bokmerka gjort av Buskerud er vi har hatt lenkar på vårt bibliotek sine nettsider til nesten alle desse i mange år - organisert på ein måte som skal hjelpe personalet og brukarane å finne fram. Skjønner at det er ei anna tilnærming og bruksmåte, men interessa mi blei vekka først når eg gjekk inn på heimesida til Buskerud fb. Heia Web1.0!

Fekk 1331 resultat for tagg Bibliotek2.0 og gjekk vidare inn på scribd.com, ikkje så veldig norsk akkurat, på grunn av mange bokmerke, og la merke til hovedoppgåver som kan kjøpast. Det var det eg syntest var mest interessant her og ville ha vore bokmerkeverdig for min del for lenge sida. Husker å ha funne fram online til desse på nettet før www (i telnet-dagane).

Noko for biblioteket? Vi må vere der slik alle andre som vil marknadsføre seg er, men berre for å unngå å vere fråverande. Eg kan ikkje sjå at Buskerud sine bokmerke er sosialt interessante. Eg oppretta ikkje noko konto på Delicious. Det virker litt kjipt og ga ikkje meirsmak, foreløbig.

mandag 26. oktober 2009

1,2,3 eller 4

Har likevel jobba i det stille frå det fjerne med saka og er spent på kvar det vil føre. Ting 1 og 2 var greie, som for folk flest trur eg, men det vil ta tid å lage ein blogg ein er fornøgd med og få alt til å funke. Verktøyet som vi bruker for å skape eit sosialt plattform kunne etter mi meining har vore lit meir...sosialt utforma, dvs meir inviterande og forklarande. Men ein kjem vel betre overens når ein blir betre kjent. Ting 3 Feeder er grei. Har valt Google Leser og abonnerer på litt forskjellig som er lagt i mapper, men slit med delte-elementer. Kva er eit element, eller rettare sagt, kva ikkje er det? Så etter 3 ting sit eg igjen med 4, for har ikkje alle fått ein Google profil undervegs? Min er på: http://www.google.com/profiles/dcb23T