søndag 17. januar 2010

Ting 23: Over målstreken


Nokre spørsmål før målstreken

Hva ble din favoritt 23 ting?
Mine favorittar: Musikk, Blogging, Video, Leik med bilde, Mashups, Virtuelle verder, Wiki
Min favoritt: Video eller Mashups


Har dette programmet hatt noen innvirkning på deg og dine læringsmål. Har du fått lyst til å lære mer?
Har fått utbytte av kurset, viss det er det som spørjast om, for all del. Har lyst  å prøve ut / lære meir om nokre av desse verktøy, men også om mykje anna. Der er så mykje å lære her i verda!

Er det noe som har overrasket deg i løpet av kurset, noe du synes var spesielt nyttig å lære?
Ikkje noko overraskingar. Det har vore som forventa. Det som har vore mest nyttig er mulege bruksområde på biblioteket si heimeside, som vi har planar om å fornye i år, men mest interessant har likevel vore personlege bruksområde. Heile kurset har vore gjennomført for min del i fritida, på søndagar og seint på kvelden. Ikkje så rart at personlege interesser blir utprøvd i første rekke.

Forslag til forbedringer av kursopplegget?
Sidan det ligg på nettet, bør kurset redigerast/oppdaterast jamnleg. Undervegs har bruksområde i bibliotek vore nemnt, men nokre av desse har ikkje vore aktuelle lenge, som t.d. podcasting ved København bibliotek som ser ut til å ha fått eit mystisk slutt. Eg synst at ein kunne først  ha gjennomgått kor aktuelle desse 23 tinga er i dag og korleis dei fungerer, og gått meir inn på bruken av dei i biblioteksamanheng. 23 er ikkje noko magisk tal. 17 er like greit.


Andre tjenester du hadde ønsket å ha med i opplegget?
Noko om brukarundersøkjingar.



Og sist, men ikke minst…



Dersom et nytt kurs ble tilbudt, ville du da ha ønsket å delta?
Viss det er eit vidaregåande kurs i opplegg som kan vere mest aktuelle, ja. Eg ser at FlickrCC kan vere eit spennande eksempel. Men der er ein samanheng mellom å vere på kurs og å bruke det ein har lært etterpå. Utvalde vidaregåande kurs kunne vere det ein treng med tanke på dette.
Eg trur ein må ha ein strategi for å ta i bruk aktuelle verktøy, som ein del av tilbodet, t.d. eit samarbeid mellom biblioteka som er representert på kurset om ein film.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar